Helsing frå hovudstyret

Publisert av Sven Kinden Iversen den 08.12.25.

Hei alle Land Rover entusiastar. 

Me i hovudstyret er glade for meldingane me har fått om auka aktivitet i klubben. Mange har brukt seinsommardagane etter Landstreffet og hausten til å treffast enten for ein kaffikopp og ein prat eller til køyreturar i meir eller mindre krevjande terreng. 

Det er planlagt Hjulebord i fleire avdelingar og mange legg planar for nye aktivitetar i 2026.

Har du enno ikkje deltatt aktivt i klubben anbefaler me at du som nyttårsforsett for 2026 set dette som nr: 1 på lista di. Mange av oss har fått nye vener og lært mykje om bilen vår ved å delta på treff i NLRK regi. Hugs også at om du er flink å inkludera alle i familien (unge som gamle) i klubbaktivitetar så er rekrutteringa til klubben sikra. 

Me ynskjer alle Land Rover entusiastar ei riktig god (H)Jul og ser fram til å treffa glade folk og fine bilar i året 2026. Ta godt vare på kvarandre og bilane. 

Helsing hovudstyret:

Martin Gundersen (avd .øst), Aksel Ellefsen (avd. øst og økonomiansvar), Jonas Viken (avd. midt), Sveinung Bakkan (avd. sør), Alfred Lervåg (avd. møre), Oddgeir Johansen (avd. nord), Tor Arne Gudmestad (avd. rog) og Gunnhild Høgås (avd. nord og hovudstyreleiar)

(bildet er inspirert av foto fra Oddgeir Johansen)